Målet til Fritt Ords støtte til norsk journalistikk er å vere med på å mogleggjere prosjekt som kan bli viktige i samfunnsdebatten. Reine debattprosjekt, som Dølen og avisa Valdres sine prosjekt, kan óg få støtte.
Tips nummer éin når ein skal søkje støtte, er å kontakte Fritt Ord for å få innspel til søknaden, seier kommunikasjonsrådgjevar Henrik Pryser Libell i Fritt Ord.
– Det er altfor få som tek kontakt for søknadsrettleiing. Vi ønskjer å hjelpe søkjarane til å få ein best mogleg søknad. Så er det sjølvsagt opp til styrehandsaminga og mengden søknader om ein får støtte, seier han.
Han oppmodar og til å sjå på kva prosjekt som har fått støtte tidlegare, og til dømes søkje på stikkordet «debatt».
Fritt Ord ønskjer seg søknader på tre til fem sider, og søknader om debattprosjekt bør som andre søknader skissere mest mogleg konkrete opplegg.
– Dei bør mellom anna innehalde tema med grunngjeving for temaa, og tentative namn på skribentar. Det er bra å søkje om støtte til å betale honorar til skribentane, og ikkje leggje opp til at alle støtten skal dekkje løn internt, kommenterer Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås.
Søknadar om støtte til debattprosjekt høyrer til i kategorien «norsk journalistikk», som har seks søknadsfristar i året. Neste søknadsfrist er 6. januar. Les meir på Fritt Ord sine utlysningssider.