Dølen har fått til ei breidt samansett gruppe spaltistar til si nye debattspalte. Foto: Emil Sjåstad Nyeng, Dølen
Dølen har fått til ei breidt samansett gruppe spaltistar til si nye debattspalte. Foto: Emil Sjåstad Nyeng, Dølen

Har fått meir mangfaldige debattspalter

Både Dølen og avisa Valdres har sett saman ulike spaltistgrupper for å få ein breiare debatt i avisa. Dølen har sett saman ei mangfaldig gruppe, medan avisa Valdres satsar på fleire grupper.

I november presenterte Dølen si nye debattsatsing. Dei hadde då jobba i fleire månader med å få på plass ei gruppe med ulike og engasjerte spaltistar. Til saman speglar dei mangfaldet i lokalsamfunnet.

Spaltistane har fått litt rettleiing i form og lengde på innlegga, men skal sjølve velje kva dei vil skrive om. Slik kan dei bidra til å setje dagsorden med tema dei er opptekne av. Håpet er at dei skal bidra til ein breiare og meir mangfaldig og aktuell debatt.

Hittil har det resultert i tre gode lesarinnlegg om viktige tema: Tilflytting, barneoppdraging, og ei oppmoding om å våge å meine noko.

Ikkje vanskelege å be

Det var ikkje vanskeleg å få folk til å stille opp som spaltistar, fortel redaktør Tone Sidsel Sanden.

– Vi brukte tid på å finne dei rette personane å spørje. Vi kjenner lokalmiljøet godt, og brukte kjende og sosiale medium til å finne folk vi trur sit på mykje interessant og har eit engasjement som ikkje har fått blomstre slik det eigentleg bør. Dei fleste er folk som vi aldri har sett ytre seg offentleg, men som vi har kome borti på ulike arenaer, seier ho.

Sjå Dølen sin presentasjon av dei åtte spaltistane.

Ho håpar dei nye spaltistane kan vise andre at det er låg terskel for å kome med meininga si i Dølen.

Ein av journalistane i Dølen har vore rundt og tatt bilete av spaltistane, slik at dei vert presentert på ein profesjonell måte.

Dei første innlegga har vore veldig godt lest, likt og delt.

Fritt Ord-støtte til debatt i Valdres

Lokalavisa Valdres har fått Fritt Ord-støtte til å vidareføre ei debatt-satsing dei lanserte i oktober. Målet er å få fram stemmer som vanlegvis ikkje deltar i debatten, samt å gjenreise lokalavisa som ein viktig plattform for meiningsutveksling.

Planen er å ha fleire ulike spalter, mellom anna ei eiga spalte for unge stemmer.

Først ut var spalta «Lokalpolitisk hjørne», med eit breitt utval av kommunestyrerepresentantar som vanlegvis ikkje er så synlege.

– Det er mange kommunestyrerepresentantar som vi ikkje er så flinke til å trekkje fram, og som ikkje er så flinke til å vere frampå sjølv. Politikken blir veldig topptung, med ordførar, varaordførar og ande med lokalpolitisk prominente posisjonar, seier redaktør Hilde Havro.

Dagsaktuelle innlegg best lest

Redaktøren legg til at avisa har jobba spesielt med å få fram stemmer frå opposisjonspartia i den nye debattspalta.

– Vi merkar at dei er tatt av tidsklemma, men det er viktig for den lokalpolitiske debatten å vise fram at det finst mange flinke folk i politikken, seier ho.

I spalta får skribentane tilbod om å skrive om det dei sjølve er opptekne av, noko ho trur gjer det lettare for dei å ta ordet.

Les avisas eigen omtale av «Lokalpolitisk hjørne».

Lesinga av det lokalpolitiske hjørnet har gått opp og ned. Best blir sakene lesne om temaet er dagsaktuelt. Redaktøren håpar å sjå betre lesartal på debattstoffet når mykje av det blir sett inn i ei fast ramme og løfta fram meir enn det har blitt før.

Gjennomarbeidd søknad

Havro fortel at redaksjonen jobba mykje med søknaden til Fritt Ord.

– Det trur eg er viktig. Det gjer prosjektet betre, uavhengig av om vi får Fritt Ord-støtte. Viss vi ikkje hadde fått støtte, hadde vi uansett hatt ei prosjektskisse som vi kunne ha skalert ned ut frå ressursane.

Støtta frå Fritt Ord bruker avisa på å lønne en person som er tilsett i ei prosjektstilling på deltid, samt på honorar til enkelte av spaltistane.

Tips nummer éin når ein skal søkje støtte, er å kontakte Fritt Ord for å få innspel til søknaden, seier kommunikasjonsrådgjevar Henrik Pryser Libell i Fritt Ord. Les fleire råd om Fritt Ord-søknader om debattprosjekt her.