J. P. Fagerback, BSD <http://opensource.org/licenses/bsd-license.php>, via Wikimedia Commons
J. P. Fagerback, BSD , via Wikimedia Commons FOTO: (c) 2007 J. P. Fagerback

Etter korona-oppdrag vert kommunen utan ambulanse i ti timar

Korona-oppdrag vil setje den einaste ambulansen i Nesbyen ut av drift i ti timar, skriv Hallingdølen. Hyttekommunen håpar derfor at sjuke hyttefolk held seg heime.

Nesbyen og andre hyttekomunar har beredskap til å ta seg av dei fastbuande, men ikkje til å handtere mange ekstraoppdrag som følgje av stor tilstrøyming av hyttefolk. Om ambulansen fraktar covid-pasientar, vert han ute av drift i ti timar etterpå på grunn av reingjering og desinfisering. Det kan gå ut over andre alvorleg sjuke, skriv Hallingdølen.

Ordføraren i Nesbyen kommune oppmodar difor hyttefolket om å halde seg heime om dei er sjuke, og reise heim om dei vert sjuke medan dei er på hytta.

Har du sjekka korleis pandemien påverkar ambulanseberedskapen i din kommune?