Dølen si sending frå eit stort billøp ga mange nye abonnentar. Foto: Emil Nyeng
Dølen si sending frå eit stort billøp ga mange nye abonnentar. Foto: Emil Nyeng

Direktesending ga nær 90 nye abonnentar

Nokre gongar gjev ei direktesending full uttelling. Andre gongar er det mest takksemd frå arrangøren å hente. Det er ikkje alltid lett å føreseie kva som vil treffe, syner streamingprosjektet til Dølen, Firdaposten og Vest-Telemark blad.

I fjor gjekk Dølen, Firdaposten og Vest-Telemark blad i gang med ei større satsing på levande bilde. Med innovasjonsstøtte frå Medietilsynet skulle dei ha fleire direktesendingar og prøve å finne ut kva som fungerer best.

Dølen fann tidleg ut at dei ville prøve å streame billøp på motorsportanlegget på Vinstra. Det er det største anlegget i mils omkrins, og mange i området interesserer seg for motorsport. Responsen har vore over all forventning.

Avisa har prøvd ut ulike typar sendingar. Ein gong var dei i depotet der dei følgde ein lokal deltakar tett heile dagen. Førre laurdag hadde dei fleirkameraproduksjon med tre kamera under eit stort billøp med over 70 bilar. Her kan du sjå eit lite utdrag frå sendinga som var på sju og ein halv time:

– Vi selde opp mot 90 abonnement på den sendinga. Vi har aldri opplevd noko slikt før. Vi tenkte at det var lurt å kome seg inn i det miljøet, men eg hadde ikkje sett for meg ein så voldsom respons, fortel redaktør Tone Sidsel Sanden.

Ho reknar med at ein del av dei nye abonnentane vil falle frå. For å prøve å halde på flest mogleg vil avisa halde fram med å ha saker og videoar om bil og motor.

Brukargenerert gull

Dølen har erfart at abonnentane ikkje nødvendigvis ser direktesendinga direkte. Sendingane blir liggande ute på nettsidene, og mange vel å sjå dei i ettertid. Det same har Firdaposten erfart.

– Direktesendingane går sjeldan veldig bra. Kor ofte skjer det eigentleg ting på ein liten stad som folk føler at dei må sjå direkte? spør journalist Arne Hjorth Johansen.

Firdaposten kjøpte streamingutstyr for nokre år sidan, og har erfart at folk etter kvart forventar høgare kvalitet av sendingane. Difor har dei etter kvart begynt å lage meir redigerte videoar. Dei ser og at brukargenererte videoar går bra.

– Det er der gullet ligg, i ting vi snappar opp på Facebook eller andre stader, seier Johansen.

Ei av årets mest sette videoar på Firdaposten, viser ein familie som hadde håpa å få møte ein slektning som bur i Canada, då han var i Bergen med det kanadiske forsvaret der han jobbar. På grunn av pandemien kunne dei ikkje møtast. I staden fekk dei vinke til han då han flaug forbi i helikopter:

Sakte-tv

Prosjektet har ikkje blitt heilt som planlagt for avisene. Ideen var å ha så mange livesendingar som mogleg, men på grunn av pandemien vart det eine arrangementet etter det andre avlyst. Difor har det blitt fleire redigerte opptak.

Når det først har skjedd noko, har dei forsøkt å få det med seg for å la lesarane ta del utan å vere til stades fysisk. Vest-Telemark blad har til dømes hatt sending frå opning av nye vegar, bruer og skulpturar.

Avisene har og forsøkt seg med sakte-tv. Dølen hadde fleire dagars livesending frå eit fjøs, der abonnentane kunne følgje med på lamminga. Firdaposten hadde 24 timars sending då ein person skulle sjå kor mange gonger han kunne springa opp og ned fjellet Brandsøyåsen på eit døger. Vest-Telemark blad har hatt minutt-for-minutt-sending frå veteranbåten Fram og frå Haukelivegen. Dei to sendingane vart publisert etter at dei var tatt opp, fordi avisa var usikker på dekninga undervegs.

Blir etterspurd

Sjølv om det er variabelt kor mange sjåarar og abonnentar kvar enkelt sending har, meiner Arne Hjorth Johansen at videoane har ei stor meirverdi i form av goodwill.

– Folk blir veldig glade når vi kjem, særleg ute i distrikta. Då tenkjer eg at vi får mykje igjen for det, sjølv om det kanskje ikkje er så mange som ser sendinga, seier han.

Dølen har og erfart at folk ønskjer å kome på Dølen-TV.

– Dølen-TV har blitt eit kjent begrep, folk etterspør det, seier redaktør Tone Sidsel Sanden.

I motorsportmiljøet er folk ivrige og takknemlige for at Dølen-TV kjem på arrangementa. No er avisa i dialog med motorsportarenaen om å bli fast streamingansvarleg.

Frå innspelinga av Vest-Telemark Leikane. Foto: Geir Ufs/Vest-Telemark blad

Også VTB-TV har blitt ein snakkis, fortel redaktør Øystein Øygarden. Ikkje minst då avisa hadde sin eigen versjon av Mesternes Mester, Vest-Telemark-leikane. Avisa bruka ein lang dag til innspeling, og mange lange dagar og kveldar til redigering og ferdigstilling av dei seks episodane.

Ekstra ressursar

Avisene har hatt dedikerte prosjektansvarlege. På grunn av innovasjonsstøtta har avisene kunna bruke ekstra ressursar på tv-satsingane. Vest-Telemark blad hadde i fjor for første gong ein engelsktalande medarbeidar. Ho er kjærasten til London-baserte Aslak Ringhus som i fjor hadde sommarjobb i Vest-Telemark blad for å jobbe med prosjektet, og slik vart ho med som kameraansvarleg.

– Ho kom frå tv-bransjen og hadde mykje å lære oss, seier redaktør Øystein Øygarden.

Dei tre avisene fortalde om prosjektet under LLAs Lokal og digital-arrangement i fjor: