Kontrollen med eksport av avfall frå Norge er for dårleg, og det er stor fare for at avfall som kan skade helse og miljø, går ut av Norge ulovleg, ifølgje Riksrevisjonen. – Vi treng fleire folk og fleire kontrollhjelpemiddel, seier tillitsvald Cecilie Grundtjernlien i Norsk Tollerforbund, på grensa til Sverige ved Magnormoen.
Kontrollen med eksport av avfall frå Norge er for dårleg, og det er stor fare for at avfall som kan skade helse og miljø, går ut av Norge ulovleg, ifølgje Riksrevisjonen. – Vi treng fleire folk og fleire kontrollhjelpemiddel, seier tillitsvald Cecilie Grundtjernlien i Norsk Tollerforbund, på grensa til Sverige ved Magnormoen. FOTO: Kai Roger Lindberget, Mitt Kongsvinger

Plastavfall vert sendt ut av landet. Staten manglar kontroll.

Plastemballasjen du kjeldesorterer heime, vert sendt utanlands til gjenvinning. Men enorme mengder europeisk plastavfall hamnar også på ulovlege fyllingar, eller i havet. Det er fordi det er store pengar å spare – og fordi kontrollen med avfallseksport er minimal.

TEKST: Amund Trellevik, Ingeborg Eliassen, Wojciech Ciesla (Investigate Europe), Kai Roger Lindberget (Mitt Kongsvinger), Grethe Hopland Ravn (Grannar)

Noreg eksporterer det aller meste av den kjeldesorterte plastemballasjen. Frå kjøkkenbenkane heime går den til tyske og svenske gjenvinningsanlegg. Frå landbruk, fiskeri og havbruk går mykje plastavfall også til land langt utanfor Europa.

“Toll” står det på skiltet langs riksveg 2 gjennom tett granskog. Her, på Magnormoen i Innlandet, sluttar Noreg, og Sverige startar. Cecilie Grundtjernlien, tillitsvald for tollbetjentane på Kongsvinger, har nettopp kontrollert trafikantar på veg inn i landet. Trafikken ut av Noreg er det først og fremst svensk toll som sjekkar.

– Det hender at vi stoppar gods som går ut av landet. Men det skjer etter tips, etterretning eller at noko tilseier at det bør gjerast ein kontroll, seier Grundtjernlien.
For avfall på veg ut i verda skjer det ikkje ofte. Mellom 2019 og 2021 utførte Tolletaten fysiske kontrollar på 47 av 3466 “deklarasjoner med høy risiko”, ifølge Riksrevisjonen.

Sendast ut av Europa

Før jul fekk både Tolletaten og Miljødirektoratet gjennomgå då riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ga sin dom over kontroll med avfall frå Norge til utlandet. Den er “mangelfull, risikoen for å bli oppdaga er lav. Og når nokon først blir tatt, møter dei sjeldan konsekvensar. Faren er stor for at avfall som kan skade helse og miljø, eksporterast ut av Norge på ulovlig vis”, fastslo han.

“Regelverket er krystallklart.  Vi skal ikke sende avfallsproblemene våre til land som behandler avfallet uforsvarlig, men dette har ikke myndighetene god nok kontroll på i dag,” sa Schjøtt-Pedersen.

Kritikken handla om alle typar avfall. Plastemballasje er eit av dei mest problematiske typane søppel i alle land. Forbruket aukar kvart år, mykje raskare enn kapasiteten til å resirkulere den. Svært mykje av europeisk plastemballasje blir eksportert til land med mykje dårlegare føresetnader for å sikre forsvarleg gjenvinning. I 2019 sendte EU-land tre ganger meir ut av EU-området enn mengdene som vart importert.

Papirdokument

Frakt av brukt eingongsplast frå dei tusen heimar vert dokumentert ned til siste kilometer, forsikrar John Asak, forretningsutviklar i Bring Intermodal.

Han viser rundt på Bane Nor sin godsterminal på Alnabru i Oslo. Hit fraktar Bring plastemballasjen frå hushaldningar landet rundt. På den våte asfalten står grøne containarar med selskapet sin logo parkert, klare til å bli sett på tog ut av landet. Kvar veke rullar 20-30 trailerlaster ut av Noreg, med 20 tonn kjeldesortert plastemballasje i kvar. Ved ankomst skal den gjenvinnast. Men rundt halvparten er for tilsøla eller består av plasttypar som ikkje kan resirkulerast. Den blir brent. Dette skal også dokumenterast.

I denne bransjen går det framleis i papir. Asak viser dokumenta som skal følgje lasta heile vegen fram og hindre juks:

Eksportløyvet frå Miljødirektoratet til returselskapet Plastretur. Importløyvet frå delstatstyresmaktene i Brandenburg i Tyskland. Notifikasjon for lasten, som skal signerast ved lasting i kommunen, kontrasignerast etter lossing i Tyskland, og vert deretter sendt tilbake til Noreg. Dokumenta har stempel og boksar for signatur her, der, der og der.

Bring-sjåfør Agnieszka Walasek har henta hushaldsplast-avfall frå innbyggjarar i Bærum. Avfallet skal til gjenvinning i Tyskland. Vegesetelen skal med i dokumentbunken på vegen. Den viser kva lasta veg når ho går frå kommunens anlegg. Før lossing i Tyskland skal ho vegast igjen. FOTO: Ingeborg Eliassen, Investigate Europe

Bring-sjefen viser også fram kartet over ruta lastebilen skal ta dei 21,7 mila fram til gjenvinningsanlegget Vogt Plastic GmbH, vest for Berlin, når lasten kjem i land i Rostock.

– Sjåførane har ikkje lov å køyre andre vegar enn den oppsette. Ein sjåfør gjorde det ein gang; han hadde ei elskerinne utanfor ruta. Då fikk vi ei bot på 800 euro, seier Asak.

Plastflasker på avveg

Kva skjedde med billasset med 18 tonn samanpressa plastflasker frå Rogaland som vart sendt til Polen i mai 2020? Rudolf Meissner, fagansvarleg for avfallssortering i det interkommunale avfallsselskapet IVAR, har fram til no ikkje visst.

– Vi var i ein situasjon der vi hadde mista ein avtale og fekk problem med avsetninga, seier Meissner.

Det ordna seg gjennom ein avfallsmeklar i Berlin, som hadde avtale med eit gjenvinningsanlegg i regi av firmaet Partner’s Group i Tuczno i Polen.
18 tonn samanpressa brusflasker vart sendt av garde.

IVAR skulle ha fått ei skriftleg frå det polske anlegget om at lasten var mottatt og resirkulert. Men dei høyrte aldri noko meir, ikkje frå meklaren i Berlin eller frå selskapet i Tuczno.

To år seinare kom Grønt Punkt på revisjon til IVAR i Stavanger. Det er dei som betalar kommunane  for plasten dei har sortert ut og sendt til materialgjenvinning.

– Men Grønt Punkt hadde ikkje fått god nok dokumentasjon for kor denne lasten gjekk. Dermed fekk ikkje heller vi utbetalt sorteringsgodtgjersle, seier Meissner.

Han leita fram e-postadressa til Partner’s Group og sendte ei melding med bøn om dokumentasjon på kva som hadde skjedd med flaskene. Han fekk aldri svar.

Enda på fylling?

Investigate Europe har funne fram til eigaren av Partner’s Group, Michal Grzeskowiak, og kontakta han med spørsmål om plasten frå Nord-Jæren. Han seier at han hugsar sendinga.
– Vi hadde aldri kontrakt med nokon i Noreg, det kom alltid frå Tyskland, seier Grzeskowiak som forklaring på at han ikkje har kommunisert med IVAR.

Han seier han ikkje veit om heile lasta det omhandla, kom frå Noreg, eller om den var blanda med plast frå Tyskland. Den var uansett forureina, hevdar han.

Grzeskowiak fortel at selskapet klaga til Tyskland og forsøkte å sende lasta tilbake. Men dette tok lang tid, og då dei endeleg fekk kontakt, var det tyske firmaet konkurs.
– Dermed fekk vi ikkje betalt for plasten og måtte koste handteringa sjølv. Vi gikk også etter kvart konkurs, seier Grzeskowiak.

Kva gjorde han med plastflaskene?

– Noko kunne gjenvinnast. Men noko vart brent og noko gjekk til ei fylling, seier Grzeskowiak.

Mange regelverk å kontrollere

Miljødirektoratet har det øvste ansvaret for å handheve reglane for grensekryssande avfall. Dei skil mellom to typar avfall:

Det meldepliktige, som blanda plastemballasje frå hushaldningane, er ofte tilgrisa, vanskeleg å resirkulere, og kostar å bli kvitt. Slik eksport krev tillating frå både avsendar- og mottakarland.

Grønnlista plastavfall, på den anna side, er reint og sortert avfall som kan gjenvinnast. Det har dessutan ein marknad som fungerer: Eksportør får betalt for å levere det til resirkulering.

Grønnlista avfall treng ikkje løyve frå styresmaktene. Derfor er det vanskelegare å kontrollere, ifølgje seksjonsleiar Einar Knutsen i Miljødirektoratet. “Verken Toll eller vi har ressursar til å kontrollere alle deler av denne trafikken”, skriv han i ein e-post.

Direktoratet har rundt 30 kontrollørar. Dei tipsar Tolletaten om mistenkelege laster på veg inn eller ut av landet.

I mars bad Investigate Europe direktoratet og Tolletaten om å få bli med på ein plastkontroll. Men ingen slike var planlagde.

Ifølgje Knutsen har Tollvesenet og Miljødirektoratet ikkje tømt nokon bilar eller containarar med plastavfall på grensa dei siste to åra.

Derimot hadde kontrollørane i løpet av eitt år gjennomført åtte fysiske tilsyn hos norske verksemder som eksporterer plastavfall. Fem av dei – i Skien, i Hamarvik, på Godøya, i Bodø og i Vikebygd, avdekka brot på regelverket.

Gangstø Transport sender plast fra landbruket til gjenvinning utanlands, mellom anna i Vietnam. Firmaet har “langt og godt” samarbeid med fabrikken i Haiphong. Men då kontrollørane frå Miljødirektoratet kom, kunne dei ikkje vise kontrakt direkte med gjenvinningsanlegget. FOTO: Grethe Hopland Ravn, Grannar

Fann ulovleg eksport på tilsyn

Onsdag 11. januar var ein hustrig dag langs Ålfjorden i Rogaland. Den dagen dukka to kontrollørar frå Oslo umeld opp mellom ballar av landbruksplast, PP-sekkar og tauverk hos Gangstø Transport AS i Vikebygd. Det familiedrivne selskapet har spesialisert seg på innsamling, sortering og transport av avfallsplast frå landbruk og havbruk i store deler av Sør-Noreg. Den går til gjenvinning i Litauen, Polen, Danmark – og Vietnam. Rundt ti prosent av norsk landbruksplast går ut av landet via Gangstø, ifølge firmaet.

Kontrollørane fann mykje å sette fingeren på denne dagen.

Gangstø Transport har gjennomført ulovleg eksport av avfall, slo dei fast etter besøket.

Grønnlista plastavfall kan sendast ut av landet utan å melde til styresmaktene, men då må det vere ganske reint: Ikkje over 6 prosent forureina til land i EØS-området, og ikkje over 2 prosent til land utanfor Europa. Kontrollørane meinte landbruksplasten hos Gangstø ikkje var rein nok.

Firmaet mangla dessutan gyldige kontraktar med nokre av mottakarane. Gangstø opplyste at dei hadde brukt ein avfallsmeklar i Tyskland for plastavfall sendt til Asia. Det var meklaren som hadde hatt kontraktar med gjenvinnarar der. Dette er ikkje godt nok ifølgje lovverket: Kontrakten skal vere direkte mellom eksportør og importør.

Avvika ved Gangstø er alvorlege, meinte Miljødirektoratet. Særleg fordi det ikkje er første gang firmaet får smekk frå styresmaktene. Det skjedde også i 2017.

Sendast til Vietnam

Gangstø sender PP-sekkar til gjenvinning i millionbyen Haiphong i Vietnam, eit land med eit enormt plastforureiningsproblem. Rundt tre millionar tonn plastavfall vert kasta kvart år, og minst 10 prosent av det ender i havet. Det er avgjerande at renovasjonssystemet i landet vert forbetra, ifølgje ein rapport frå Verdsbanken i fjor.

Gangstø Transport har derimot eit “langt og godt samarbeid” med fabrikken som gjenvinn PP-sekkene frå Noreg. Grunna “fare for konkurranse” vil selskapet ikkje oppgje namn på anlegget. Men fabrikken har lisens frå styresmaktene, skriv Gangstø i ein e-post. “Me har god kommunikasjon med dei og får bilde og video av anlegget deira og handteringa av plastavfallet”. I motsetnad til blanda hushaldningsavfall er PP-sekkar ettertrakta vare, og gjenvinningsanlegget betaler Gangstø for den.

I januar kom Miljødirektoratets kontrollørar på tilsyn utan førevarsel til Gangstø Transport i Vikebygd i Rogaland, som sender plast frå landbruk og fiskeri til gjenvinning i utlandet. Firmaet har drive ulovleg eksport av avfall, slo dei fast. Grov skulding som ikkje er bevist, mener Silje Gangstø (til venstre), her med Trudi Gangstø og Marte Gangstø. FOTO: Grethe Hopland Ravn, Grannar

Nektar for forureina eksport

Det er grovt å bli skulda for ulovleg eksport av avfall, for det er ikkje bevist, seier Silje Gangstø. Ho meiner den visuelle sjekken kontrollørane utførte av plastavfallet ikkje held for å fastslå at det var forureina. Etter tilsynet henta Gangstø transport inn eit svensk selskap for å analysere plasten.
– Dei bora 70 centimeter inn i 22 ferdigpressa rundballar, og tilbakemeldinga var at våre prøvar var dei beste dei hadde teke i heile bransjen, seier Gangstø.

Til Grannar peika selskapet først på at dei hadde signerte og godkjende kontraktar med alle ledd i distribusjonen. Dei meinte dette var i tråd med lovverket, sjølv om dei ikkje hadde direktekontrakt med gjenvinningsanlegg. Seinare skreiv dagleg leiar Kjell Gangstø dette i ein e-post:

«Me trudde at så lenge alle ledd var dekka så var dette innanfor regelverket. Men kravet seier at kontrakten skal være mellom eksportør og importør. Derfor har me nå ordna det slik at kontraktane er nå direkte». Tilsynet er dermed avslutta, stadfestar Miljødirektoratet.

«Europas søppelfylling»

I mange år fekk europeiske land avsetnad på plastemballasjen ved å sende det langt bort, offisielt til resirkulering. Enorme mengder gjekk til Kina. Men i 2018 sa kinesiske styresmakter stopp. Det sendte sjokkbølgjer gjennom avfallssystema i Europa: Kor skal vi no gjere av plastavfallet? Noko av plasten fekk nye mottakarar i andre land i Asia. Mykje fann vegen til Tyrkia. Stadig meir vart sendt mellom land i Europa.

Nokon miljøaktivistar omtaler Polen som ei europeisk søppelfylling. Eksportørar som ikkje er nøye med reglane, kan spare store pengar på å sende det til ein ikkje-sertifisert mottakar der, framfor å forholde seg til anerkjente gjenvinningsanlegg, der prisen kan ligge på rundt 300 euro (3500 kroner) per tonn. I Polen kan ein bli kvitt ulovleg eksportert plastavfall for 30-50 euro per tonn, mellom 350 og 590 kroner.

Liten kontroll, liten risiko

Dryge to timar med køyring frå grensa til Tyskland ligg turistbyen Wschowa. Der klaga folk over vond lukt frå nokre jorder. Rettsdokument viser at det ikkje var sandtaket til Zbigniew T. som hadde gjort han rik, men at han hadde grave ned tusenvis av tonn med ulovleg avfall frå Tyskland og Vest-Polen på jordene. Mengda var nok til å fylle 5000 lastebilar.

Saken mot Zbigniew T. er ein av ganske få om ulovleg avfall som har enda i polsk domstol. Men det tyske selskapet som hadde ansvaret for søppelet som vart funnen grave ned, går mellombels fri.

Kontroll av avfallseksport er krevjande. Det finst ikkje noko operativt felles-europeisk elektronisk informasjonsutvekslings-system. I land etter land klagar miljøstyresmakter og tolletatar over altfor låg bemanning til å klare oppgåva. Dei seier det same som den norske riksrevisoren: Risikoen for dei som sender avfall ulovleg ut av landet, er liten. For dei som vert tatt, er straffenivået lågt.

Ved grensestasjonen mellom grantrea på Magnormoen luftar Tollerforbundets Cecilie Grundtjernlien frustrasjon frå kollegaer.

– På grunn av budsjettkutt gjennom fleire år, har vi ikkje nok ressursar, rett og slett. Vi treng rundt 600 nye, operative tenestepersonar for å utføre samfunnsoppdraget vi er sett til, seier hun.

Faktaboks

  • Saman med Landslaget for lokalaviser, Senter for undersøkende journalistikk og journalistgruppen Investigate Europe, har 30 lokalaviser over heile Noreg forsøkt å finne ut kva som skjer med plastemballasjen etter at vi har kasta den.
  • Prosjektet er ein del av Investigate Europes graveprosjekt #Wasteland, som vert publisert i 10 europeiske land. Investigate Europe har støtte frå Fritt Ord.
  • Journalism Fund’s Earth Investigations Programme har støtta dette prosjektet økonomisk.