Om Landslaget for lokalaviser

Landslaget for lokalaviser (LLA) har over 100 medlemsaviser som kvar veke blir lesne av ca ein million lesarar landet rundt. Samla opplag for medlemsavisene våre er ca 330.000. Det samla opplaget til avisene har auka i dei siste ti åra.

Dei fleste avisene i LLA er lokalaviser som kjem ut ein, to eller tre dagar i veka, såkalla fådagarsaviser. Desse avisene styrkar mellom anna det lokale demokratiet og det lokale kulturlivet. Avisene er dessutan eit viktig ”lim” mellom folk i dei enkelte bygder, tettstader og bydelar i heile landet. Lokalavisene er derfor ein svært viktig del av ei differensiert presse.

Lokalavisene blir lesen svært grundig og avisene er svært truverdige.
Slik står lokalavisene fram som ein nyttig og truverdig mediekanal for både det lokale handelslivet, organisasjonar og for kjedebutikkar.

Føremål og tiltak

LLA sitt føremål er å styrkja lokalavisene, slik at dei kan tene og stimulere demokratiet, kulturen og næringslivet i lokalsamfunna sine. Organisasjonen tar opp og samordnar felles saker, ønskje og krav for medlemsavisene, og vi skal vera avisene sitt talerøyr overfor styresmaktene og andre som gir avisbransjen rammevilkår. LLA arbeider også aktivt overfor mediebyrå, reklamebyrå og annonsørar for å synleggjera lokalavisene som attraktiv mediekanal.

LLA gjer også ein stor innsats med avisfaglege kurs. Det er viktig at lokalavisene sine medarbeidarar utviklar seg gjennom erfaring, etterutdanning og kurs for at avisene skal bli så gode som mogeleg. LLA legg derfor til rette både for sentrale, regionale og interne kursaktivitetar. Slik blir lokalavisene til enda større glede og nytte for lokalmiljøet sitt. Gjennom kurs og andre avisfaglege samlingar, får dessutan lokalavisene i LLA stor glede av kvarandre sine erfaringar og kunnskap.

I tillegg arbeider LLA med samarbeidsavtalar, serviceprodukt og generelle medlemsaktivitetar for lokalavisene. LLA står dessutan bak Lokalavissamkjøringa landet rundt AS (www.lokalavissamkjoringa.no)

LLA har eit lite, men operativt og handlekraftig sekretariat. Det held til i Kongens gate 14 i hovudstaden og består av generalsekretær, markedssjef, organisasjonssekretær og redaksjonell fagmedarbeiar. I tillegg knyter LLA til seg ytterlegare krefter når vi har nye prosjekt.

Styret i LLA har sju medlemer og tre varamedlemer.

Historie

Landslaget for lokalaviser vart skipa på Voss i 1976. Sidan den gong har LLA særleg arbeidd for best mogeleg rammevilkår, mellom anna gjennom ei meir rettferdig fordeling av pressestøtta. Etter mange års arbeid, fekk LLA i 1989 endeleg gjennomslag for at også aviser som kjem ut ein gong i veka med minst 1000 eksemplar, også skal ha produksjonstilskot. Frå 1992 har LLA vore representert i alle viktige utval mellom stat og presse. I 1998 fekk vekeavisene avisporto i staden for bladporto, noko som ikkje minst skuldas ein langvarig innsats frå Landslaget for lokalaviser. LLA var også representert i Dagspresseutvalet som i 2000 la fram ei mediemelding som framheva også lokalavisene si viktige rolle i Norge. Alt dette er døme på at lokalavisene treng ein organisasjon som målretta arbeider for å fremja lokalavisene si sak.

LLAs styreleder: Ståle Melhus.

Styre

Ståle Melhus, Fanaposten (styreleiar)

Hilde Eika Nesje, Bø Blad (nestleiar)

Roar Vigeland Osmundsen, Søgne og Songdalen Budstikke (nestleiar)

Gry Thorsteinsen, Nye Troms

Kjell Vidar Bergo, Hallingdølen

Edd Meby, Våganavisa

Asta Brimi, Fjuken

Varamedlemer:

Tomas Bruvik, Kvinnheringen (1. vara, fast møtande)

Janne Hopmo, Frostingen (vara)

Lars Kristian Seierstad, Stangeavisa (vara)

LLAs styre: Fra venstre Edd Meby, Kjell Vidar Bergo, Tomas Bruvik (vara), Gry Thorsteinsen, Asta Brimi, Roar Vigeland Osmundsen (nestleder), Ståle Melhus (leder) og Hilde Eika Nesje (nestleder).

Sjå “kontaktinformasjon” for informasjon om LLAs sekretariat.