Holger Austvoll og Espen Forsberg

To gode vikarar i LLA

Holger Austvoll og Espen Forsberg skal jobbe deltid i LLA-sekretariatet ut året.

Holger Austvoll (t.v.) skal vere fungerande markedssjef, Espen Forsberg skal ha ansvaret for LLAs arbeid med digitalt annonsenettverk.

Holger er for mange kjent som markedssjef i lokalavisa Strandbuen på Jørpeland, der han slutta rundt årsskiftet. Holger var også i LLAs styre i mange år. No gler han seg til å vende tilbake til LLA-familien. Holger skal jobbe i Landslaget for lokalaviser (LLA) minst éi veke i månaden, der han skal bruke mest tid på kompetansearbeid og rådgjeving.

Espen Forsberg skal vere prosjektleiar for LLAs arbeid med digitalt annonsenettverk – som skal bidra til å finansiere lokal journalistikk og innovasjon. Espen er til dagleg markedssjef i Hallingdølen, men skal leigast ut til LLA rundt fire dagar i månaden.

Begge to skal jobbe deltid i LLA fordi LLAs markeds- og informasjonssjef Geir K. Hus fredag går ut i delvis permisjon resten av året – for å jobbe med eit nytt bokprosjekt.

– Vi gler oss over at Holger og Espen kan stille opp for LLA og lokalavisene når Geir har 75 %-permisjon til januar 2023. I sum blir dette veldig bra, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik.

Kontaktopplysningar:

Holger Austvoll, holger@lla.no, mobil 4000 8751

Espen Forsberg, espen@lla.no, mobil 406 32 370