– Vi syng for eldre og sjuke, om lag slike som oss!

Den kinoaktuelle filmen Sang for Marion og dokumentarfilmen Young @ Heart handlar begge om seniorkor med mykje energi og songglede. Liknande kor finst det fleire av. Kvinnheringen har funne eitt av dei, det folkelege «Dugnadskoret» som truleg er det mest etterspurde koret i kommunen. Koret har ein snittalder på rundt 70.

79 år gamle Trygve Fonn har funne opskrifta på korleis koret kan imponera:

– Eg har sagt til dei hine at vi må identifisera oss med det vi syng.
– Kva betyr det?
– At vi skal sjå forelska ut når vi syng om forelsking, og glade ut når vi syng muntre greier.

Det gode humøret i koret skin godt gjennom i reportasjen, som er skriven av Aasmund Taarn Sande. Les den fire sider lange reportasjen som vedlegg.