Laga undersøking om nynorsk i skulen

I temanummeret om skule og utdanning kunne Haramsnytt også presentere resultata av ei undersøking dei har gjort om bruk av nynorsk blant skuleelevar. Undersøkinga viser at mange elevar vel bort nynorsken på vidaregåande.

Haramsnytt sende undersøkinga til to av dei fem vidaregåande skulane i Ålesund, samt til Haram vidaregåande skule. Dei ba avdelingsleiarane i norsk om hjelp til å gjennomføre undersøkinga på Vg2 og Vg3.

– Vi meinte at det var mest relevant å spørje elevane frå andre året. Det er gjerne i løpet av Vg1 dei oppdager at elevane rundt dei og lærarane bruker bokmål, og då kjennest det stadig meir unaturleg å bruke nynorsk, meiner redaktør Ole Reinlund.

Då han gjekk gjennom resultata frå undersøkinga, oppdaga han at det også er mange som skifter hovudmål sjølv om lærarane bruker nynorsk.

– På Haram vgs, der 99 prosent oppgjev at lærarane bruker mest nynorsk, er fråfallet sjølvsagt mindre enn på byskulane. Men også der er det relativt mange som vurderer bokmål, seier han.

Undersøkinga vart delt ut på papir i klassane, og ho var så kort at det berre vart eit par minutt avbrot frå undervisninga. Avdelingsleiarane på skulane var positive til å gjennomføre undersøkinga. Dei vart lova å få tilsendt svara, og har sagt at dei vil bruke svara i møter med lærarane.

– På den måten er avisa ein aktiv pådrivar for å halde liv i debatten om nynorsk i skulen, seier Reinlund.

Undersøkinga har gitt stoff til fleire saker og intervju med elevar, norsklærarar og mållagsleiar. Framleis kan det kome fleire saker ut av resultata.