Som du sikkert har fått med deg, viste LLA nyleg fram ei drømmelokalavis på landsmøtet vårt. Avisa er også sendt alle medlemsaviser, som idègrunnlag for produktutvikling i eiga avis.
Vi gler oss også over at drømmelokalavis-gjengen laga ti praktiske tips til abonnementsal og ti tips til godt annonsesal i lokalavisene. Desse to sidene kan du her og no lasta ned. Tipsa er verdt å lesa gjennom og er vonaleg til inspirasjon også for di avis.
Mellom anna minner vi om punkt 1 i abonnementsal-tipsa: “Lag kampanjer i periodar der lesarane har god økonomi”. Om ein månads tid er det mange potensielle abonnentar som både får feriepengar og eit hyggeleg skatteoppgjer…
Ha ei framleis spennande avisveke og ein fortsatt fin vår.