Harde tekstmeldingar for sarte sjelar :-) :-(

“Kor mange gonger har du tenkt at «Gu’, e han sur elle?» når du har fått ein tekstmelding utan smilefjes? Stadig oftere er smilefjesa, eller surefjes, eller kyssefjes integrert i tekstmeldingane eg får. Det er blitt slik at eg nærmast føler at vedkommande er sur på meg om eg ikkje får en smiley i kvar melding.” Les journalist Kai Svellingen Flatekvål sine betraktningar om SMS-kommunikasjon i spalta “hmmm” i VestNytt

«Ok» er vel den minst følelseslause meldinga ein kan få om dagen. Her har du skrive ein lang og flott melding, brukt lang tid og lagt mykje tastetrykk i meldinga før du trykker send.

Så får du «OK» tilbake.

Ka farsken!

Det vert samstundes litt overdrevent når ein må legga til eit smil i kvar forbanna melding ein sender. Er samfunnet blitt slik at me i stadig aukande grad treng prov på at den andre part ikkje er sur? Må alle meldingar sjå slik ut:

PER:

«Heisann, vennen. Eg er med på kino i dag. Møtes klokka åtte? Suzz og klemz 🙂 :-)»

Då bør kanskje svaret vera:

PÅL:

«Hei du. Kino åtte høres vidunderlig ut. Heihei 🙂 ;-D

Men det får då vera måte på meldingsonani. Vel, slik er kanskje verda utvikla seg. Tenk om Pål hadde svara slik:

«OK»

Då hadde Per tenkt, «å guud, e han sur på meg eller» «har eg gjort nokke mot han», før Per hadde sendt:

«E det nokke gale, du? E da slutt. Ja, det er slutt. Du er lei av meg. Fyttigrisen. Tenk å kutta på ein melding då….. ;-( :-#»

Av og til så får eg tekstmeldingar frå mennesker som ikkje er heilt vande med å senda SMS. Dei kan jo få den mest sjølvsikre smarttelefon-brukaren til å få hjerteinfarkt.

«HALLO. EG KJEM I MORGON

Øh, javel. Kjem du for å drepa meg då eller?

I verda med folk som skriv i store bokstavar er korkje smilefjes eller noko meir avansert fullstendig utopi. Her skal ein senda melding og her skal ein formidla det ein vil og ikkje noko meir. Eg har sett meldingar som har gått slik:

KARI: «Heisann søte du. Lurer berre på om vi skal møttes i morra? Koz, hilsen Kari 🙂 ;-D»

KNUT:

«JA EG KJEM NÅR VIL DU MØTAST DÅ EG ER FERDIGJOBB FIRE MEN SKAL FØSTHANDEL UNGANE»

Legg du til litt skrivefeil, då så høyres det ut som om Knut hatar verda.

Noken klara berre ikkje å skriva noko særleg enn eit ord.

«Hei, eg ligg for døden.»

«OK»

Eg og ein god nabo, la oss kalle han Rolf André, har tatt meldingsfarsen heilt ut. Det let seg jo gjera når ein har same uformelle humor:

«Sover du el klar for julebesøk»

«kom no over en liten tur :-)»

«ok store klemmer, skal bare sminke meg litt»

«Du e no skjønneste…»

«Stor klemz…»

Det er utruleg mange måter å takla tekstmeldingar på. Du kan jo berre ta dei for det det er – ei kjelde til hurtig og enkel informasjon. Men mange misforstår enkle meldingar. Dei trur at avsendaren er ironisk.

«Du er så kjekk du» er ei melding som kan vera kjelde til misforståingar, om mottakaren er usikker eller ikkje kjenner til avsendar. Sarkasme er også ein måte å tolka meldingar på.

«Jækla bra jobb med den rapporten, Karl»

Meinte avsendaren det eller var han sarkastisk.

«Shit,» tenker mottakaren. «No har eg drite på draget»

Men ka om sjefen din sender ein melding når du er vekke frå kontoret:

Det beste er slik:

«Kan du koma inn på kontoret mitt ved høve? :-)»

«Åja, endeleg lønnspålegg,» tenkjer du.

Litt verre er denne:

«Kan du koma inn på kontoret mitt ved høve»

«Ka e da no eg har gjort,» tenkjer du.

Denne bør vera gjenstand for psykotisk nedsmelting hjå mottakaren:

«KAN DU KOMA INNKONTORET MITT VED HØVE!!!!!»

«Svarte, no heng jobben i ein tynn tråd. Neste møte eg har er på NAV,» tenkjer du skjelvande.

Det er i alle høve grobunn for nokon og einkvar kor utstrakt ein brukar smilefjes og andre ikon for å uttrykke følelser via tekstmelding. Det er ofte greit å heller ringa om ein har ein liten kilevink eller litt skryt å formidla. Eller så kan ein seia so svigerfar min alltid seier til meg andlet til andlet:

«Det er ikkje sant det dei andre seier om deg. Du er faktisk kjekk og grei, du».

AV KAI SVELLINGEN-FLATEKVÅL

På trykk i VestNytt 11. februar 2012