KOSTRA-samarbeid

I samband med kommunebudsjetta har det blitt henta inn KOSTRA-tal for kommunane til LLA sine pilotaviser Gjesdalbuen, OPP, Dølen og Søgne og Songdalen Budstikke. Å samanlikna seg med andre kommunar enn berre nabokommunane kan vera spennande, både for avis og lesar. Sjå oppslaget til Dølen.

Pilotavisene kan med desse tala utveksla stoff og samarbeida om saker. Det er i dette samarbeidet i alt 12 tabellar for sju kommunar i 2012 og 2011 inkl. rangering (totalt: 336 tall) for: skule, pleie- og omsorg, helse, kultur og fritid, gebyr, administrasjon, eigedomsskatt.

Er du og di avis interessert i tabellar for din kommune? Ta gjerne kontakt med Svein Olav Langåker i framtida.no

Kreditering:
Journalist: Tone Sidsel Sanden
Tala er laga av Framtida.no/SSB, på oppdrag av LLA.
Illustrasjon (tabellar): Elin Iversen.