Møter folket på Facebook

Han er berre 31 år, men truleg på veg inn i sin tredje periode som ordførar i Austevoll kommune. Helge André Njåstad er ein aktiv politikar. Stadig på reis, men likevel alltid å treffa. Han har nemleg gjort Facebook (FB) til sin kanskje viktigaste møtestad. “– Eg kan ikkje seia anna enn at det for meg er heilt uforståeleg at lokalpolitikarar som ønskjer å koma i posisjon kan halda seg unna FB. Det er jo der folket er. FB er vår tids samvirkelagstrapp.”


(FOTO: Fiskeri og oppdrett er viktige næringsvegar på Austevoll. Då er det av stor interesse at innbyggarane veit kor tid ordførar Helge André Njåstad er på Aqua Nor i Trondheim og møter fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen. Og at dei får smakebitar frå møtet. På Facebook.)

– For meg har det heile vegen handla om å opna opp politikken. Det er ikkje så lenge sidan det som skjedde på kommunehuset heime ikkje var noko anna enn eit samspel mellom lokale byråkratar og politikarar. Folk flest fekk kanskje innblikk i dei sakene som lokalavisa Marsteinen fatta interesse for, men i det store og heile var det eit tilnærma lukka system, minnest Njåstad.

Og han snakkar om vår nære fortid.

– I ei slik verd har sosiale media vore ein døropnar av dimensjonar. For meg har det etter kvart også vorte ein fantastisk fin måte å halda kontakt med innbyggjarane i kommunen på. Informera dei om kva eg skal i morgon, og kva eg har opplevd og oppnådd i dag. Responsen har ikkje lete venta på seg. Eg har no ein drøss med dyktige og engasjerte rådgjevarar. Og det kostar korkje meg eller kommunen éi krone, smiler politikaren frå Frp.

Låg terskel

– På FB når ein ut til mange på kort tid. Det er eit medium som inviterar til debatt og tilbakemeldingar. Terskelen for å skriva ein kommentar på veggen min, kontra å ringa eller koma på kontoret mitt, er mykje lågare. Eg får tak i veldig mykje tankegods som eg elles aldri ville fått tilgang på, meiner Njåstad.
Han har ikkje problem med å sjå at all aktiviteten på FB tek litt tid. Ikkje minst om ein skal følgja opp alle innspel og tilbakemeldingar med fornuftige svar. Men det er absolutt ikkje nokon grunn til å la vera.
– Eg brukar mobilen ein god del til å leggja ut tekst og litt bilete, og sjølv i ein travel kvardag finn ein alltid nokre ledige lommer for slike aktivitetar, meiner den nettvande politikaren.

Bunad og ferjer

– Kva eg har fått mest tilbakemeldingar på? Det må nok vera den gongen eg var invitert til VM på ski, og spurte på Facebook om kva eg skulle ha på meg. Fleire hundre responderte, og eg kom sjølvsagt til Holmenkollen i bunad frå Austevoll. Kampen for to ferjer mellom Hufthamar og Krokeide har vore ein gjengangar, og det har ikkje mangla på gode råd og innspel i denne for oss alle samferdslepolitiske viktige saka. Det var nok mange med meg som gledde seg stort då den kampen vart krona med siger i april. Og som sjølvsagt nytta FB også i gledesrusen.

Ut til ungdomen

Njåstad er heilt sikkert på at han spesielt når dei unge på ein heilt annan måte, med å vera ein aktiv brukar av FB.
– Eg opplever at ungdomen er flink til å stilla spørsmål og ta kontakt. Om det er på FB eller med e-post. Og sjølv godt vaksne som sjeldan eller aldri skriv noko på veggen min, seier at dei følgjer med på det som skjer på nettet. Og at dei set pris på det. Eg kan ikkje seia anna enn at det for meg er heilt uforståeleg at lokalpolitikarar som ønskjer å koma i posisjon kan halda seg unna FB. Det er jo der folket er. FB er vår tids samyrkjelagstrapp, slår Njåstad fast.

Fekk Søviknes i gang

– Om nokon har teke kontakt med meg for å få råd og vink om det eg held på med på nettet? Ingen andre enn Terje Søviknes, ordførarkollega i Os kommune. Han var lenge svært skeptisk, men for nokon år sidan fann han ut at det var ingen veg utanom. Han har lært fort, og det er mest litt irriterande at han har fått fleire vener enn meg. Over fem tusen mot mine gode tre tusen. Men eg trøystar meg med at Os er ein monaleg større kommune enn Austevoll, smiler Helge André Njåstad.

PS! For nokre veker sidan presenterte Marsteinen ei spørjeundersøking. Der fekk Frp lokalt ei oppslutning på 37 prosent, medan Njåstad som ordførar noterte seg for sterke 54 prosent.

(FOTO: Helge André Njåstad har aldri opplevd fleire tilbakemeldingar på Facebook enn då han lurte på kva han skulle ha på seg under opninga av VM på ski. Det blei som ein ser eit solid fleirtal for bunad frå Austevoll (t. h). På bilete ser vi også ordførarane i Bergen og på Os, Gunnar Bakke og Terje Søviknes)

Tekst og foto: Vidar Alfarnes

Les også:

Slik bruker Kvinnheradpolitikarane sosiale medium