Frokostmøte med Senter-/Handelsforrening

Vi brukar å ha møte med butikkar o.l. om morgonen før opningtid (kl. 9.30/10 i Volda).
Vi serverar frokost kl. 8 og får presentere idear, planar og får tilbakespel på desse og det blir oftast ein fin dialog.
Ved å starte tidleg på dagen får vi eit effektivt møte, der stortsett alle faktisk må vere ein plass etter ei stund, så det blir lite usakleg prat. Møter på ettermiddag/kveld blir ofte forstyrra med telefonar, og dei fleste har også då flusst opp med planar.

Alle vert også fornøgde når dei får servert frokost! Restane tek vi til lønsj.