Omgivelser – omgjevnad

Nynorsk er eit konkret språk, og ord som fungerer helt fint på bokmål, fell gjennom på nynorsk. Omgivelser er eit slik ord som skaper problem på nynorsk. Vi kan skrive omgjevnad – ordet står faktisk i ordlista – men mange vil meine at det er oppkonstruert og tungt. I staden bør vi, slik vi ofte må gjere på nynorsk, spørje oss kva det konkret er snakk om, og så skrive det. Det kan vere landskapet, nabohusa, naturen eller kanskje eit industriområde. Og sjølv om omgivelser går heilt fint på bokmål, skader det ikkje å vere meir konkret der også.