Lokalavisa Tysnes lanserte i dag nettsida Ung@tysnes. Det er den nye nettsida for å halda seg oppdatert på stoff av og for ungdom i Tysnes kommune.
Nettsida er eit samarbeid mellom Tysnes Ungdomsråd og bladet Tysnes, og kan vitjast via avisa si nettside. Det er ungdomsrådet som står for alt stoffet på sida. Her vil ein finna både videoar, biletseriar, bloggar, nyttig informasjon og artiklar. Alt av og om ungdom i Tysnes. Det er også høve for alle til å bidra gjennom kommentarfelta.
– Vi ønska å gje dei unge ein arena der dei kunne engasjera seg, og vi hadde veldig lyst til å gjera noko saman med ungdomsrådet. Då vi skulle laga nye nettsider ville vi satsa på ungdommen sidan nettet er dei unge sin arena, fortel produksjonsansvarleg Morten Haaland i Tysnes. Til satsinga har Tysnes fått DA 2 (Drømmelokalavisa nr 2) – midlar frå LLA.
Nettsida Ung@Tysnes vil og bli brukt aktivt til å få opp valdeltaginga blant unge veljarar under haustens kommuneval.
– Vi har også planar om å arrangera valdebattar for unge veljarar, på dei unge sin arena, legg Haaland til.
Kanskje viktigast vil den nye nettsida gi papiravisa meir stoff for unge lesarar.
– Vi trur at dette samarbeidet vil gje oss mykje godt ungdomsstoff, seier Haaland, medan ungdomsrådsleiar Hanne Hope fortel at sida skal gje innblikk i arbeidet som vert gjort for Tysnesungdomen, og vert ein viktig informasjonskanal for aktivitetane til ungdomsrådet.
– Me held på med mykje, fortel Hanne som vonar sida kan verta ein møteplass for alle unge i Tysnes.