Hallingdølen vinn på ny prisar for sin flotte design. Denne gongen er det Scandinavian News Design som sørgjer for prisdryss. I konkurranse mot dei beste avisene i Skandinavia stikk Hallingdølen av med heile seks prisar – meir enn nokon av dei andre norske deltakarane.
Redaktør Bjarne Tormodsgard og resten av staben er overvelda over å få seks prisar. Han trur også at lesarane er stolte.
– Dette blir registrert. «Mi avis» vinn, lesarane får også eigarskap til prisane, og dei får stadfesta at avisa deira ikkje er så verst.
Hallingdølen får medalje i kategoriane magasin og lokalsider, medan dei får heidersdiplom for framsider, lokalsider, visuell kommunikasjon og magasin. Kva valør medaljane har får dei ikkje vite før prisutdelinga i oktober.
Hallingdølen gjer det ofte sterkt i designkonkurransar. Tormodsgard trur det betalar seg å investera i typografi.
– Medan mange andre svekkjer den grafiske kompetansen, har vi styrka han. Gjennomsnittsalderen på typografane våre er rundt 30 år. Det er flinke, unge folk som kjem med nye impulsar, og som har skapt eit miljø for å tenkje på presentasjonen. Dei legg sjela si å gjera ting ordentlig, til tross for at vi også har tidspress og avgrensa mengder med materiale, skryt han.
Bla gjennom vinnarbidraga over, eller last ned pdf-ar under. Dette er kategoriane dei ulike bidraga høyrer heime i:
Lokalsider: Norges lengste hengebru
Lokalsider: Tutta frå Hovde skal heim
Magasin: Vinter i Vassfaret
Framside: Gåta er uløyst
Magasin: Kva skjedde med Jacob Tugendreich
Visuell kommunikasjon: Pioner over Nordpolen