Kva meiner gamal og ung om utviklinga?

Sotra Kystby er under utvikling med større kjøpesenter, parkeringsanlegg under bakken, offentlege plassar og gågate, kino og bustader.

Vestnytt har snakka med pensjonistar, barn og ungdom, butikkeigarar og direktør om kva dei synest. Det er delte meiningar om forvandlinga av området, men dei fleste har ei meining. Blir det fint med eit nytt og moderne sentrumsområde, eller forsvinn strileidentiteten frå øya? Sjå den sju sider lange reportasjen i vedlegga.

På nettsidene til Vestnytt kan du også sjå eit videointervju med to tolvåringar som er litt skeptiske, men som også gler seg litt. Ikkje minst gler dei seg til kinoen, sjølv om dei risikerer at kino blir kjedeleg når det blir så tilgjengeleg. Det er fint å få høyre nokre unge sine refleksjonar, som ikkje alltid er som forventa!