Suksess med tweets i eiga spalte

Sunnhordland følgjer med i tida – og på Twitter. Dei har hatt twitterspalte i avisa kvar fredag sidan januar, og konkluderer med at spalta er ein kjempesuksess.

@Tasbru: “Vurderte tur til Stord i dag – etter å ha lest #Sunnhordland i dag droppar eg turen av frykt for «crazy» kråker og kråkevald.”

Dei som ytrar seg på verdsveven kan også havne på trykk i Sunnhordland. Avislesarar set pris på spalta.

– Dei tweetsa me plukkar ut skal helst ha ei lokal vinkling og ikkje vera altfor interne, slik at flest mogleg tek poenget. Me har gjennom denne spalta også gjort twitterkontoen vår, @sunnhordland, meir kjend blant lesarane og får såleis generert meir trafikk inn på nyheitssakene me har i nettavisa, fortel Vidar Hope i Sunnhordland.