“Men rektor Atle Tanum, vil at heile Sørabygda skal ha Mot som sine verdiar. På nyåret møter han Havdur, korps, speider, Krik og fritidsklubb for tenna gnisten. «Lokalsamfunn med mot» er en samarbeidsmodell mellom Mot og ein heil kommune eller eit lokalmiljø i ein storby. Solabladet har set nærare på MOT-programmet i kommunen.
Solabladet har blant andre intervjua fem elevar på Dysjaland ungdomskule som skal hjelpa andre elevar til å våga å seie nei. Rektor Atle Tanum ønskjer at heile lokalsamfunnet skal forankrast i Mot sine verdiar, og vil ha møte med ulike lag og foreiningar etter nyttår. "Lokalsamfunn med mot» er en samarbeidsmodell mellom Mot og ein heil kommune eller eit lokalmiljø i ein storby.
Spennande og viktig prosjekt i lokalsamfunnet som lokalavisa bør skrive om. Bra jobba av journalist Trine Selvikvåg og Solabladet
Fakta om MOT
Mot er ein haldningsskapande organisasjon som jobber for og med ungdom. Målet er å bidra til robuste ungdommar og trygge ungdomsmiljø. 3700 medarbeidarar driv Mot-arbeid i lokalsamfunna. Mot vart starta av norske toppidrettsutøvarar i 1997. Initiativtakarane var skøyteløparane Atle Vårvik og Johann Olav Koss.
(kjelde:Solabladet)
Les heile saka som vedlegg.