Intervju med fem tilfeldige ungdomar om politikk

To 9. klassingar på arbeidsveke i Tysvær Bygdeblad har levert ein flott “fem på gata”, der ungdomar er spurte om viktigaste sak i politikken.

Dei to 9. klassingane på jobb for Tysvær Bygdeblad har gått ut og spurt tilfeldige ungdomar dei har truffe på. I tillegg til svar på spørsmålet “Kva for nokre saker er det viktig for deg at politikarane i Tysvær tek opp?” får lesarane og greie på kvar ungdomane bur, og bl.a. kva dei gjorde på akkurat då dei vart stogga for å svare på spørsmålet. Bra jobba av Malin Mæland og Vemund Eskevik, på jobb for avisa. Redaktør Alf-Einar Kvalavåg fortel at avisa ofte har skuleelevar på jobb for seg.
– Me er berre to journalistar i full stilling, men har hatt 11 elevar innom det siste skuleåret. Det er ein ressurs å ha ungdommar innom, seier Kvalavåg.