Markerer lokalfotballens hundreårsjubileum

Hallingdølen har den siste tida markert at det er hundre år sidan dalen fekk sitt første fotballag.

Avisa kom over eit bilete av det første fotballaget i Hallingdal, Nes IL. Biletet var frå 1912, altså har Hallingdal hatt fotballag i hundre år. Det ville Hallingdølen markera, og resultatet vart ein reportasjeserie om lokal fotballhistorie. Den går over 15 delar, og vert avslutta om ein månad.

– Erlend Hagen har også gjort ein stor innsats på nettsidene våre med å laga videoar som høyrer saman med serien i papiravisa, fortel Jarle Stanes i Hallingdølen.

Sjå fleire av reportasjene vedlagt.