Avisa kjem i form

Dei tilsette i Sykkylvsbladet skal verte sunnare og sprekare. Lesarane får følgje med på kampen mot smultringane og sofaen.

Då redaktøren i Sykkylvsbladet på leiarplass klaga over kiloa som kom på etter at han slutta å røyke, tok Stamina kontakt med avisa. Dei ville ha med heile gjengen på eit opplegg. No trenar dei tilsette både i arbeidstida og om kveldane, lagar sunne lunsjrettar i lag på jobb, og prøver å vere så sunne dei kan.

– Vi har frå før veldig godt samhald i den vesle redaksjonen vår, men dette spleisar oss endå meir saman. Vi inviterer kvarandre til “trenings-date”, går turar og passar litt på kvarandre. Det vert mykje humor på jobb, stemninga kan vi ikkje klage på, fortel Monica Aure.

Redaksjonen prøver å dele litt av moroa med lesarane, og bygdefolket engasjerer seg i prosjektet.

– Vi ser sjølvsagt faren for overeksponering av oss sjølve, så vi prøver å kome på nye vinklingar frå gong til gong. Vi er alle sju ulike når det gjeld kor godt vi liker å vere i “rampelyset”, men alle ville vere med på opplegget. Litt uvant var det sjølvsagt at dei vi møter i butikken sender lange blikk i handlekorgene våre, eller at folk bryt ut at “nei, er det Sykkylvsbladet som kjem!?” når to eller fleire av oss går på gruppetimar på Stamina. Men vi begynner å bli vande med det no! I går fekk vi spørsmål om å stille opp på ein lokal påskerevy også. Så langt er det berre moro, og så får vi sjå kva vi synest om sju veker, avsluttar Monica Aure.