Interessant intervju med ein som ikkje er interessert

“På Sandane har dei drive med å legge ned og slå saman skular. Det var vel meininga å spare pengar, men eg trur ikkje dei vann noko på det. Dei seier dei er så fattige og må legge ned ting, men så bygger dei sånt som Trivselshagen.” Dette seier førstegongsveljar Kjetil Hauge til Fjordabladet, som har faste intervju med førstegongsveljarar på sistesida fram mot valet.


Hauge er ikkje spesielt oppteken av politikk og veit ikkje om han kjem til å bruke røysteretten. Men han har andre interesser og planar for framtida som er høgst interessante:

“Eg skal først gjere meg ferdig med dette skuleåret. Så reknar eg med å bli lærling i ein databedrift, kanskje LocalHost i Måløy. Men etter det vil eg studere 3D-modellering. Eg er interessert i Blender, som er eit fritt program til 3D-modellering, animasjon og rendering. Det konkurrerer med dyre, kommersielle programpakker som Maya, som kanskje kostar 3500 dollar. Verdas første film laga med open source-grafikk vart laga med Blender. Den var litt inspirerande.”
– Kor er du om fem år?
“– Tja, kanskje i Nederland? Det er der programmet vart laga. Uansett blir det kanskje noko
innan animasjon eller spel.”