Skyt innertiar med feil hand

Håvard Sætrevik i Grenda har intervjua skyttaren Jostein Mehl. Mehl var råka av slag i mai 2009, men har vore gjennom hard trening og er no i stand til å skyta att. Med feil hand og auga, men likevel plukkar han inn mellom 40 og 50 poeng i femskotsseriane.

Mange kjenner nokon som er råka av slag, og veit at det kan vera ei tøff utfordring å klara enkle aktiviteter for dei som har vore så hardt råka som Mehl. Samtidig opplever nok mange å miste tidlegare hobbyar og omgangskrins når dei opplever liknande. Difor er det fint å lesa eit slikt håpefullt portrett om ein som er tilbake i favorittmiljøet sitt.