Fargerikt i friluft

Ålesund og omland Friluftsråd hadde jubileum og inviterte ein sjetteklasse til å teste ut ei gåvepakke. I pakka var det mellom anna lavvo, bålpanne og taubruer.

Helene Henriksen i Vestnesavisa vart med klassen ut i skogen i regnvêret. Det var ingen dum idé. Borna vart flotte motiv i sine fargerike regnklede på like fargerike taubruer mellom dei rake trea. Her var det rom for å leike seg med både fargar og linjer i bileta.

Har de eit aktivt friluftsråd som arrangerer morosame og fargerike aktivitetar?