God fotoløysing på telefonintervju

Voss har stor mangel på forsterheimar. Stine Strand Carlsen i Hordaland har dekt temaet godt. Ikkje berre har ho snakka med Voss barnevernsteneste og eit ektepar med lang erfaring som fosterforeldre. Ho har også intervjua Lene Larsen som sjølv har vore fosterborn.

Saka er godt illustrert med ein foto-collage med Facebook-bilete som syner glimt frå livet til Lene.

Løysinga med Facebook-bileta vart valt fordi Lene ikkje kunne møta avisa, og fordi ho var midt i ein flyttesjau og hadde begrensa med bilete å senda. – Facebook-bileta er ekte, personlege og kreative, akkurat som ho. Me plukka ut dei bileta me synst passa best til å gje eit totalinntrykk av henne, og sette dei saman, fortel Stine Strand Carlsen.

Journalisten fekk tak i jenta gjennom Bufetat.

– Lene har delt si historie på mange infomøte i regi av barnevernet, og stilte villig opp på denne saka. Ho synst det er viktig å få sett fokus på saka, og var difor lett å få i tale. Lene var overraskande open og delte mykje med meg.