Fine fotohøve på babysong

I dette koret kan ingen av hovudpersonane syngja, og smaken på instrumenta er gjerne like viktig som lyden. Elise Årdal i Bygdanytt har vore på babysong for born under eitt år.

Flotte bilete viser at journalisten har fått innpass hjå dei minste, som er meir opptekne av kvarandre og instrumenta enn av kameraet. Biletet av babyane i ring tok ho frå golvet, under ein lek der mor og barn gjekk nærare og nærare kvarandre.