Akrobatisk festivalfoto

Kvinnheringen allierte seg med den dyktige lokale hobbyfotografen Lars Martin Teigen (30) under Festidalen. Han er glad i å fotografera på festivalar, og sette pris på oppgåva. Og Kvinnheringen fekk mykje materiale til både papiravisa og bildeseriar på nett. Dessutan fekk dei eit kult og annleis bilde å fylla framsida med på måndag.

– Med ein slik “frilansar” på laget, var det ei glede for meg å velja bilde til framsida – ikkje ofte ein ser eit så originalt festivalbilde, fortel redaksjonssjef Jonn Karl Sætre.

Støvlane til akrobaten på framsida fortel elles sitt om kva vêr Festidalen var velsigna med.