Korleis er ståa i barnehagane?

Dei siste tiåra har talet på barnehageborn mangedobla seg. Sunnhordland ser nærmare på kva dette har å seia for lokalsamfunna, og for dagens småbarnsfamiliar i Stord og Fitjar i ein ny reportasjeserie.

Korleis er barnehageøkonomien? Kor mange menn jobbar i dei lokale barnehagane? Korleis er kvardagen i barnehagen? Korleis feirar dei ulike barnehagane bursdagar, og korleis førebur dei borna på skulen? Og korleis er kvardagen hos dei familiane som ikkje har barnehageplass?

Mange interessante spørsmål som har vorte til ein omfattande artikkelserie. Serien starta med ein sjusiders helgereportasje og har blitt følgt opp med nye saker kvar dag og ei eiga samleside på nett.