Korleis er alkoholpraksisen i kommunen?

“Det er stor forskjell på alkoholpraksisen i Stranda kommune. Kommunetilsette får ikkje alkohol i det heile, medan det vankar ofte øl, vin og sprit når styret i Strandafjellet KF er samla.” Sindre Omenås i Sunnmøringen har sett på økonomien og rekneskapa til dei to kommunale føretaka i Stranda.

– Dette var ein del av kurset ”kritisk undersøkande journalistikk” i regi av Stup og Høgskulen i Volda. Årsaka til at eg valde å sjå på økonomien og rekneskapa til føretaka var: Kommunale føretak forvaltar ofte store verdiar for fellesskapet, med klar økonomisk risiko for den ordinære drifta til kommunen. Det skjer utan at rådmannen i kommunen har direkte kontroll med startegi, val og disponeringar i dei kommunale føretaka. Det er dagleg leiar i føretaka som driv sakshandsaming og kjem med innstilling til kommunestyret, men rådmann har høve til å kome med ein uttale.

Eg oppdaga raskt at alkoholkulturen i dei to kommunale føretaka i Stranda kommune var ulik. Det danna grunnlaget for artikkelen.

Har du fått nokre reaksjonar på oppslaget?

– Nei, framleis er overraskande få reaksjonar på saka, svarar Omenås.