På nynorsk er det mange ord vi kan velje om vi skal skrive med ein eller to konsonantar:
Til dømes: Bønn/bøn, kjøkken/kjøken, kjøtt/kjøt, lønn/løn, monn/mon, skjønn, skjøn, venn/ven og så vidare.
Dette kan gje ein del rot og inkonsekvens. Det er opp til redaktøren å bestemme kva line redaksjonen skal følgje. Eit alternativ er å bruke den lokale dialekten som rettesnor. Eit anna alternativ er til dømes å seie at vi alltid prøver å bruke to konsonantar der det er valfritt med ein eller to. Da blir språket i alle fall noko meir konsekvent.