Knakk eller knekte?

Både på nynorsk og bokmål kan transitive og intransitive parverb (altså om dei tek objekt eller ikkje) lett skape problem, og det er fort gjort å gjere feil. Er vi usikre – og det er dei fleste av oss ofte – må vi slå opp. Om vi ikkje greier å lære alt, må i alle fall varsellampene blinke slik at vi tek fram ordlista.
Her er nokre vanlege:

Henge (hange) – hengje
Biletet heng på veggen. Vi hengjer opp biletet.
Knekke – knekkje
Staven knakk. Han knekte koden.
Slenge – slengje
Bilen slong frå side til side. Han slengde bilen over til venstre.
Søkke – søkkje
Båten sokk – Kanonbåten søkkte motstandaren.