Sommarspalte: Dalane frå A til Å

Dalane Tidende set fart i eigen kreativ med sommarspalta «Dalane frå A til Å». Hittil har dei hatt reportasjar om alpakka og brannkonstabel. På måndag skal det handla om cabincruiser. Dag Rune Skår frå Egersund fortel om båten sin og gledene båtkjøpet har gitt han og familien.

– Det er ei spalte som fungerer godt, synest me. Me har ei liste med forslag, samt over kva som er oppbrukt, men ofte kjem det fram heilt nye idear på morgonmøtet, fortel Merete Horpestad.

Dei prøver å inkludera ein del stadnamn i spalta. Då skriv dei om dei som bur på staden og liva dei lever.

Dalane Tidende har hatt spalta i fem år, men enno ikkje gått tom for idear.

– Det er utfordrande å finna tema til bokstavane q, x og z, men me greier alltid å koma fram til noko. Kan nemna quiz, Q-meieriene, x-box, XL-Bygg, zoo og Zonta, seier Merete.