Nyhetsåret i innbundet versjon

Bygdebladet har laga ei eiga bygdebok der dei presenterer lokale saker månad for månad frå 1. oktober 2011 til 30. september 2012. Sakene har Bygdebladet henta frå eige arkiv. Sakene har fått ny layout, og ein heil del er korta ned. Alle bileta som er brukt er behandla for boktrykk.

Boka kom ut i desember, akkurat i tide til julehandelen. Alle avisabonnentar kunne få boka gratis.

Boka har hatt sin eigen redaktør som ikkje er tilsett i redaksjonen til Bygdebladet.

– Han har lest sakene utanfrå, og sett dei med nye auge, forklarer Bygdebladet-redaktør Kjell Opsal.

Dette er nok ei kjekk minnebok for mange avislesarar!