Sunnhordland fortel historia til dei aller minste i denne reportasjen. Fem prematurfødde born og foreldra deira har sterke historiar om frykt og frustrasjon, glede og takksemd. Nokre av desse borna hadde truleg vorte lagt til sides for å døy om dei hadde vore fødd halvanna veke tidlegare.
11 prosent av alle svangerskap som passerte veke 12 enda i 2012 før veke 37, og er rekna som prematurfødslar. Born som vert fødd før veke 37 får ein tøff start på livet, med smerter og umodne organ. Men mange veks opp til å verta sterke og friske, slik 18 år gamle Edith fødd i veke 27 er eit eksempel på i Sunnhordland sin reportasje.
Fotograf Per Egil Larsen, som sjølv er ein av fedrane i reportasjen, fortel at han valde å bruka svartkvite bilete for stemninga si skuld, samstundes som det redda ein del dårlege mobilbilete.
Journalist Anders Totland har skrive saka, medan Lena Herland Eide har stått for utforminga av sidene.