Avisa Tysnes stiller to spørsmål til alle dei 120 listekandidatane i kommunen.
“Framover våren og sommaren vil «Tysnes» presentera alle dei 120 kandidatane som står på listene til kommunevalet. På denne måten skal alle kandidatane få høve til å koma med innspel til ei av dei viktigaste sakene for Tysnes – om lokalsamfunnet vårt skal leva vidare: «Kva vil du gjera for å sikra folkevekst i Tysnes?» Det andre spørsmålet me stiller til kandidatane er kva dei vil gjera om dei var ordførar for ein dag. Her har ein høve til å få fram andre innspel som ein er oppteken av,” skriv redaktør Ole Skaten på leiarplass.
Vedlegg: leiar og intervju med listekandidatar