Få tak i «spåmenn» om 2012

Grannar har utfordra fire “spåmenn” til å sjå inn i det nye året: Lensmann Ingvar Gjærde, dagleg leiar Rolf R. Sjursen i Berge Sag Gruppen, sosiolog Lars Arnvid Steine og seniorøkonom Kjersti Haugland i DNB Market, alle med lokal tilknyting. Fin samansetning. God sak som vil bli lest.


– Eg har invitert fire personar med lokal tilknyting og frå ulik ståstad til å spå om neste år. Dei er gitt ei ramme på lengda på teksten, men har elles stått fritt til å synsa innafor sitt område. Det er fjerde gongen Grannar har hatt dette, og personleg synest eg det har vore svært vellukka. To av desse gongene har me køyrt dette som toppsak på førstesida, fortel redaktør Arne Frøkedal.