Nordre fekk i fjor støtte frå Vinjefondet til korrekturlesing av avisa. Dei tilsette ein lektor i 20 prosent stilling som språkrøktar. Det var så vellukka at det valde å halda fram med tiltaket etter at prosjektet var avslutta.
– Eg er bokmålsmann, og ser at eg overkompenserer når eg skriv nynorsk. Dårleg språk tek fokus bort frå innhaldet, og reduserer avisa sitt truverd, seier redaktør Robin Røkke.
– Som redaktør skal eg lesa alt, men eg har ikkje nubbesjans til å kvalitetssikre språket i alle sakene. Me brukar korrekturprogram, men ser at mange ord er godkjende, men vert brukt feil, legg han til.
Løysinga var å hyra inn ein eigen språkrøktar. Ho er norsklærar og jobbar frå Paris. Med tilgang på avisa sin server kan ho gå inn og lesa sidene i TeamViewer. Som del av jobben skal ho refsa journalistane for dårleg språk og halda språkkurs for redaksjonen.