Avisa-Hordaland_Føden-1

Nyfødd på populær fødestove

Føden på Voss er så populær at gravide kvinner frå Bergen vel å reisa hit for å føda. Då Ingerid Jordal i avisa Hordaland skreiv om temaet, følgde ho ei av desse kvinnene på vegen mot fødselen.

Føden på Voss er så populær at gravide kvinner frå Bergen vel å reisa hit for å føda. Då Ingerid Jordal i avisa Hordaland skreiv om temaet, følgde ho ei av desse kvinnene på vegen mot fødselen. 

Ferskt liv er fascinerande å fotografera og kan i seg sjølv vera verdt ein reportasje. I Hordaland har temaet også nyheitsverdi. For medan fødestover vert lagde ned på andre sjukehus, som i Sogn og Odda, kjem fleire og fleire «utanbygdarar» til Voss. Innvandrarar er og med på å trekkja opp tala. Dei som kjem frå Bergen, kjem for å få føda på ei lita, roleg avdeling.

– Eg kontakta jordmødrer i Arna og Samnanger der det tradisjonelt er ein del som vel Voss framfor Bergen, og spurde om dei kunne vidareformidla mitt ynskje, fortel Ingerid. 

Ho møtte den gravide kvinna ein dryg månad før fødselen. Nokre veker seinare møtte ho heile familien, som inntok Voss medan dei venta på babyen, og ho fekk vera med på akkupunktur som skulle setja fødselen i gang. Slik fekk ho fortald fleire sider av historia om korleis det er å venta på ein fødsel, og kvifor familien valde å få babyen på Voss.

Her kan du lasta ned reportasjen.

Sjå også desse arkivsakene: