Hallingdolen-debattklima-forside

Blir politikarane skremt av debattklimaet?

Lokalpolitikarane i Hol har ikkje opplevd hets og truslar. Men dei er redde for at eit tøffare debattklima i sosiale medium kan skremme folk frå å engasjere seg, skriv Hallingdølen.

Lokalpolitikarane i Hol har ikkje opplevd hets og truslar. Men dei er redde for at eit tøffare debattklima i sosiale medium kan skremme folk frå å engasjere seg, skriv Hallingdølen.

Politiets sikkerhetstjeneste (PST) har som ein del av prosjektet «Operasjon hat» kartlagt trugsmål mot ungdoms- og lokalpolitikarar. Kommunesektorens interesseorganisasjon KS arbeider også med ein rapport om dette temaet no. Dei konkluderer med at grov hets på ulike plattformer som i sosiale medium, er ein fare for ytringsfridomen og demokratiet, skriv Hallingdølen.

Politikarane som journalist Magnus Lindahl har snakka med, opplever heldigvis mest konstruktiv dialog. Ordføraren har opplevd at folk ringjer til han og er ufine, men fortel også om han som ringde første juledag og lurte på kvifor det ikkje var snø i skiløypa.