TILSENDT FOTO: Lag og organisasjonar i Tysvær har blitt flinke til å senda inn bilete, og kanskje litt tekst, frå arrangement som avisa ikkje er til stades på.
TILSENDT FOTO: Lag og organisasjonar i Tysvær har blitt flinke til å senda inn bilete, og kanskje litt tekst, frå arrangement som avisa ikkje er til stades på.

Får hjelp til å rapportera om lagslivet

TILSENDT FOTO: Lag og organisasjonar i Tysvær har blitt flinke til å senda inn bilete, og kanskje litt tekst, frå arrangement som avisa ikkje er til stades på.

Skal ein liten redaksjon laga ei levande nettavis, kan eit tips vere å få lag og organisasjonar til å bli flinkare til å tipse og sende inn bilete, resultat og korte tekstar. Det har Tysvær Bygdeblad lykkast med. Slik har den vesle lokalavisa fått til ei langt breiare dekning av organisasjonslive enn dei kunne klart på eiga hand.

Her er nokre tips frå redaktør Alf-Einar Kvalavåg:
• Gå breitt ut. For Tysvær Bygdeblad begynte det med at idrettslaga spurde kva ein måtte gjere for å få meir omtale. Då inviterte avisa idrettslaga til eit møte i idrettshuset. Dit kom det 10-12 stykke. No er alle desse faste bidragsytarar.
• På møtet forklarte dei at det er grenser for kva dei kan klare å dekke sjølv. Då forsto laga at dei måtte bidra sjølve om dei skulle få brei dekning.
• Dei forklarte også kva dei ynskte å få tilsendt, og viste eksempelbilete på storskjerm. ”Dette må jo me og klare”, var responsen frå laga.
• Sidan har avisa hatt årlige møte med idretten, og det kjem stadig fleire på møta. I år var rideklubben med for første gang.
• Møta blir også ein arena der laga kan klage på avisa. Det er betre at dei kan klage direkte der og då, enn at dei går og irriterer seg og snakkar med naboen om det, meiner Kvalavåg.
• Ha tydelege avtaler. Tysvær Bygdeblad har mest formelle avtaler med fotballaga, fordi dei har spillarbørs og er avhengige av tilbakemeldingar frå alle kampar. På slutten av sesongen kårar dei ”årets spillar” og ”årets lag”.
• Andre lag og foreningar sender ein oversikt med datoar for komande arrangement, og navn på folk som kan ta bilete til avisa. Avisa gir beskjed når dei vil dekkja arrangement sjølv.
• Dei får gjerne tilsendt bilete og telefonnummer til dei som er avbilda. Mange sender også inn eit par sitat.
• Laga kan sende stoffet på ulike måtar. Tysvær Bygdeblad har mellom anna ei Facebook-gruppe der folk kan sende inn stoff. Kvalavåg føler at det fungerer godt å få ting tilsendt på Facebook. Mange har lågare terskel for å sende på Facebook enn på e-post, og dei sender bileta med full oppløysing. Når dei sender bilete på e-post er det derimot mange som komprimerer bileta. Sidan januar har dei fått in 690 bidrag gjennom denne Facebook-gruppa.

– Me får tilsendt stadig meir, og kvaliteten på det vi får tilsendt vert betre og betre. Ofte kan eg berre leggje det rett ut, seier Kvalavåg. Han synest det er lettare å administrere dette enn han hadde frykta. – Men eg er gjerne over gjennomsnittet interessert i både internett og sport, og koser meg med dette. Ein er avhengig av å ha nokon som brenn for dette om det skal lukkast, trur han.
Han legg til at avisa også får fleire tips enn før.
– Me har til og med fått tips om folk som er på landslaget som me ikkje visste om, seier han.
Tysvær Bygdeblad legg mykje av stoffet ut som småsaker på nett. Dette bidrar til ei levande nettavis med hyppige oppdateringar.

Sjå også denne saka om årets lag og årets spillar.