Med støtte frå Medietilsynet skal LLA i ei prosjektstilling i minst eit halvt år arbeide med eit nytt rekrutteringsprosjekt for å få fleire til å søke jobb i lokalavisene. Vi skal også samarbeide med utdanningsinstitusjonar og andre i mediebransjen for å skape kreative tiltak og få opp interessa for å jobbe redaksjonelt i lokalaviser landet rundt. Derfor søker LLA i desse dagar etter ein ny prosjektmedarbeidar – som er flink til å gjennomføre det vi bestemmer oss for.
Sjå Medier24 for heile stillingsannonsa.