LLA 2 Bruvik Hetland

Stadig fleire nye aviser på landslaget!

Dei siste månadane har åtte nye avistitlar blitt medlem i Landslaget for lokalaviser. Det gjer avisfelleskapet sterkare og bedre.

Før årsskiftet kom Fjordingen tilbake til LLA. Avisa i Stryn slo følgje med Folkebladet på Finnsnes. Omtrent samtidig vart Meløyavisa og Framtia fusjonert og den nye felles avisa skifta navn til Kulingen.

Etter desse tre avistitlane på plass, har ytterlegare fem aviser blitt med i lokalavisfamilien vår: Ytringen på Kolvereid, Ringsaker Blad i Brummundal, Arbeidets Rett på Røros, Firda Tidend på Sandane – og berre for eit par veker sidan; Stord24.no på Leirvik. Sistnemde er ei rein nettavis, som no skal ta seg betalt for innhaldet. Dermed er 112 avisbedrifter med i Landslaget for lokalaviser!

– Vi helsar alle avisene velkomne og vi set svært stor pris på at fleire og fleire får auga opp for den jobben LLA gjer for lokalavisene. Med så mange aviser med på laget, får vi også enda større tyngde i det pressepolitiske arbeidet. Desto fleire vi er, jo meir får vi til, seier LLAs styreleiar Tomas Bruvik og generalsekretær Rune Hetland (bildet).

– I tillegg blir det faglege fellesskapet større og sterkare. Både på landsmøtet, på kurs og i andre faglege samanhengar, får kvar avis ta del i meir kunnskap, fleire erfaringar og bedre idear når avisene kjem saman. Lokalavisene i LLA-familien er kjent for å by på seg sjølve og dele spennande erfaringar. Dette kjem også godt med når LLA i år har ei ekstra sterk satsing på innovasjon og nye muligheter, seier Bruvik og Hetland.

Her kan du besøke LLAs nye medlemsaviser: Arbeidets RettFirda TidendFjordingen, FolkebladetKulingenRingsaker Blad, Stord24.no og Ytringen.