– Det er viktig at lokalavisene søkjer om innovasjons- og utviklingsmidlar no, desse pengane er jo nettopp øyremerka små og lokale medium, seier LLAs generalsekretær og innovasjonsansvarleg Tomas Bruvik (bildet under).
– Desse midlene som Medietilsynet administrerer skal bidra til at lokalavisene utviklar seg og kan gjennomføra innovasjonsprosjekt som mediene elles ikkje ville hatt tid og pengar til. Eg vil derfor på det sterkaste oppfordra avisene våre til å sy saman sine prosjektsøknader i desse dagar, og få desse sendt inn seinast 26. januar, seier Tomas Bruvik.
All informasjon ligg ute på Medietilsynet sine nettsider, det er også der søknadene skal sendast inn. Det er viktig å registrere seg som bruker hos Medietilsynet i god tid før fristen.