Det er klart ettar at staten kjøper distribusjon av aviser til alle adresser som ikkje blir dekka av et kommersielt avisbodnett. Dei nye anbudskontraktane gjeld frå 1. juli i år og ett år framover – i første omgang.
– Dette er svært bra! Lokalavisene er no sikra at papiravisa blir distribuert til alle abonnentar. Det seier Rune Hetland (bildet), pressepolitisk rådgjevar i Landslaget for lokalaviser (LLA). Hetland legg til at LLA saman med MBL har hatt mange møter og eit svært godt samarbeid med Samferdselsdepartementet det siste året for å lage eit best muleg grunnlag for det nye anbudet.
– Som oss har dei også vore opptatt av at innbyggjarane skal få papiravisa levert uansett kor i landet dei bur. At Posten framleis får kontrakten på kvardagar, og Aktiv Norgesdistribusjon AS på laurdagar, sikrar kontinuitet og utsikter til god kvalitet. Så lenge papiravisa er viktig for å finansiere journalistikken og digital omlegging er god distribusjon ein føresetnad, seier Rune Hetland i LLA.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård seier dette i ein kommentar:
– Distribusjon av aviser i heile landet er viktig for mediemangfoldet og for abonnentar i distrikta. Mediebransjen står i ei omfattande digitalisering, samtidig som aviser på papir fortsatt er viktig for bransjen.
Les her meir om det nye anbudet på Samferdsledepartementets nettsider.