Øystein Øygarden LLA 1

Øystein Øygarden konstituert som ny styreleiar i LLA

Øystein Øygarden er frå fredag konstituert som styreleiar i Landslaget for lokalaviser (LLA). Han overtar etter Tomas Bruvik.

Øystein Øygarden (til høgre) er redaktør i Vest-Telemark Blad og har ei god stund vore nestleiar i LLAs styre, der han mellom anna har jobba mykje med distribusjonsutfordringane til lokalavisene. På bildet er han her saman med LLAs generalsekretær Rune Hetland etter eitt av fleire møter på Stortinget om Posten og avisdistribusjon.

Øystein Øygarden tar inntil vidare på seg leiarvervet i LLA, då noverande styreleiar Tomas Bruvik i desse dagar formelt sluttar i lokalavisa Kvinnheringen – og dermed går ut av LLAs styre.

Når Øystein Øygarden no er konstituert styreleiar, blir samstundes Tone Sidsel Sanden konstituert som ny nestleiar. Hilde Dypaune held også fram som nestleiar.

– Vi i LLA-styret og lokalavisfamilien takkar Tomas Bruvik for den svært gode innsatsen og jobben han som styreleiar har lagt ned for alle landets lokalaviser gjennom fleire år. Samtidig ser vi fram til at Tomas Bruvik held fram som prosjektleiar for innovasjonsarbeidet i LLA-sekretariatet, seier Øystein Øygarden.

LLAs styre ser slik ut inntil ordinært årsmøte i Ålesund neste år:

Øystein Øygarden, Vest-Telemark Blad (leiar)

Hilde Dypaune, Saltenposten (nestleiar)

Tone Sidsel Sanden, Dølen (nestleiar)

Hilde Eika Nesje, Bø Blad

Holger Austvoll, Strandbuen

Camilla Skaar, Hordaland Folkeblad

Erling Vaage, Fjordenes Tidende (fast møtende vara)

Knut Martinsen, Avisa Hemnes (vara)

Robin Røkke, Øy-blikk (vara)

For eventuelle kommentarar: Styreleiar Øystein Øygarden, mobil 958 93 437, oystein.oygarden()vtb.no