Det var i programmet «Norge nå» at NRK tysdag 23. april fekk godt fram kva rolle lokalavisene har for å gjere lokalmiljøa til ein bedre plass å bu og leve i. Dermed tok NRK og programleiar Charlotte Haarvik Sanden opp tråden frå LLAs landsmøte, der nettopp dette var tema og der kulturminister Trine Skei Grande la fram den nye mediestøttemeldinga med klare føringar om at dei minste lokalavisene må prioriterast.
Ansvarleg redaktør Embrik Luksengard i Hallingdølen (bildet) opna med glede dørene til avishuset på Ål for at enda fleire skulle få sjå og høyre korleis lokalavisene arbeider og tenker. Med seg i programmet hadde han mellom anna kollega Bjarne Tormodsgard, LLAs styreleiar Tomas Bruvik og Ken André Ottesen, totningen og journalisten bak Instagram-kontoen «BAdesKen». Sistnemde er no ute med «Dette landet», ei ny bok om avisene som han elskar.
I den halvtime lange tv-sendinga fekk vi også vere med journalist Lillian Holden i Hallingdølen, og redaktør Tom Erik Nilsen i Kronstadposten ute på oppdrag. Redaktøren i Alta var tydeleg på at lokalavisene er flinke til å vise fram folk i lokalmiljøet som gjer ein god jobb i kvardagen, og som ikkje slepp til i større regionsaviser eller i riksdekkande kanalar.
I eigen omtale av eige program, skriv NRK at «Hallingdølen har flere ganger blitt kåret til årets lokalavis. Hva er hemmeligheten bak suksessen og hvor viktig er egentlig lokalavisene?» Redaktør Embrik Luksengard svara på det også her på LLAs nettsider:
– Vi i Hallingdølen har heldigvis eigarar som lar oss lage lokalavis slik vi ønskjer. Vi dyrker folk sine gode sider, kreativiteten og miljøet på avishuset. Vi har eigen fotoansvarleg og eigne grafiske formgjevarar. Og vi prøver ut nye ting, vi var blant dei aller første som byrja med magasinproduksjon. Alt dette i tillegg til det daglegdagse arbeidet med å følgje lokalmiljøet tett, skape debatt og levere nyhende, seier Embrik Luksengard.
– Og kor viktige er lokalavisene?
– Vi må ha lokalavisene for at lokaldemokratiet skal fungere. Vi er ein felles arena for folk. Dersom folk skal engasjere seg i demokratiet, må dei vite kva som skjer i nærmiljøet. Som kulturminister Trine Skei Grande sjølv sa så godt på LLAs landsmøte, er lokalavisene viktige for levande demokrati og lokal identitet.
På NRK og Norge nå sine eigne nettsider, kan du sjå heile programmet den dag i dag.
LLAs styreleiar Tomas Bruvik (t.v.) og forfattar og lokalavisentusiast Ken André Ottesen.