Sist veke var LLA i høyring hos transportkomiteen på Stortinget. Då kjempa vi for at Posten også dei neste åra må distribuere lokalaviser i distrikta meir enn eit par-tre gonger i veka. I dag var LLAs generalsekretær Rune Hetland, og andre presseorganisasjonar, tilbake på Stortinget, no i felles høyring hos kulturkomiteen. Då understreka LLA at lokalavisene treng eit løft i pressestøtta. I tillegg minna vi altså om at mediepolitikken handlar om å ha tillit til demokratiet.
Her er heile innlegget til LLAs Rune Hetland:
«Lokalavisene er viktige, uunnverlege og til dels også undervurdert. Det er kommunane som leverer det meste av tenestetilbodet til innbyggarane i landet vårt, og det er lokalavisene som følgjer den lokale politikken. I praksis er lokalavisa den einaste seriøse fellesarenaen for innbyggarane i dei ulike lokalsamfunna der alle lever sine liv.
Mediemangfaldet i landet vårt er unikt, men det er ikkje sjølvsagt. Det er krevjande tider når lesinga blir meir digital utan at annonseinntektene følgjer med. Spesielt for dei mange, små konsernuavhengige lokalavisene er det tøft å tilfredsstille lesarar ved å både lage gode papiraviser og samstundes publisere godt og spennande innhald digitalt.
Lokalavisene har positiv vekst i lesarbetaling digitalt, og momsfritaket har vore viktig, men framleis er det mest lesarbetaling på papir eller kombinasjonen papir/digitalt. Det er og mykje vanskelegare å få annonseinntekter digitalt enn ein trudde for få år sidan. For lokalavisene kjem samla sett rundt 90 prosent av inntektene frå papiravisa.
Det er altså framleis papiravisa som finansierer det meste av journalistikken og i tillegg den digitale satsinga. Og så kan vi minne om at det framleis er mange, først og fremst godt vaksne, men også unge ønskjer å lesa papiravis, fordi den har unike eigenskapar og gir god lesaroppleving. Lesarane brukar og meir tid på papiravisa enn digitalt.
Det er difor dramatisk når regjeringa arbeider med forslag om å redusera frekvensen for postomdeling. Vi ventar spent på regjeringas forslag til ny Postlov og tiltak for å hindre uheldige konsekvensar.
Vi set vår lit til at Stortinget medverkar til fullgode kompanserande tiltak slik at ikkje fleire titals lokalaviser utan alternativ til Posten blir sett i livsfare.
Så til Statsbudsjettet for 2019: Produksjonstilskottet er ikkje inflasjonsjusatert etter 2013. Det er eigentleg eit kutt på over 50 millionar kroner, og det i ei stid med store utfordringar for avisene
LLA vil peika på at Mediemangfaldsutvalet sa tydeleg at det hastar med tiltak for å hjelpe pressa og det er vanskeleg å forstå at produksjonstilskottet ikkje ein gong er foreslått inflasjonsjustert.
Mediemeldinga har tatt lang tid, og vi meiner at det må vere muleg å starte med å levere politisk det alle er samde om både i utvalet og kommentarer etterpå. Lokalavisene må få eit løft i støtta; det hastar!
LLA vil framheve at dette kan løysast ved å hente inn etterslepet, dvs. auke i ramma på vel 50 millionar kroner.
Men uansett må lokalavisene nå få eit løft. Dei mange lokalavisene får tross alt ein svært liten del av samla støtte.
LLA støttar forslaget om auka innovasjonsstøtte, som er eit positivt tiltak.
Fritak for arbeidsgjevaravgift for redaksjonelle personalkostnader må utgreiast.
Til slutt vil LLA framheve at den største styrken til det norske samfunnet er at vi har høg sosial kapital med tillit til samfunnsinstitusjonane. Det gjer òg at vi har tillit til kvarandre som menneske. I sum er dette grunnlaget for tilliten til demokratiet. Alt dette står på spel gjennom mediepolitikken.
Utan journalistikk som set kritisk søkelys på alle delar av samfunnet, blir den sosiale kapitalen tappa og tillitssamfunnet vil gradvis forvitra. Kostnaden ved det er urekneleg økonomisk og utåleleg for livskvaliteten.