Lokalavisenes hentar heim Europeiske prisar

Måndag kveld fekk fire LLA-aviser gjeve Europeiske designprisar.

Prisvinnarar i Wien denne veka: Frå venstre Norbert Kupper, leiar for European Newspaper Award, Tomas Bruvik, Vidar Håland og Mona Grønningen i Kvinnheringen, Jarle Stanes og Embrik Luksengard i Hallingdølen, Ståle Melhus i Fanaposten og Walter Jensen, Norges representant i juryen.

I desse dagar er fleire avismedarbeidarar frå LLA-miljøet i Wien for å få med seg heim heider og ære for flotte avissider. Med heile åtte prisar som i bagasjen, er Hallingdølen mestvinnande avis i European Newspaper Award. Også Fanaposten, Kvinnheringen og Sunnhordland fekk utdelt prisar måndag kveld.

Tomas Bruvik – redaktør i Kvinnheringen og LLAs styreleiar – er med i den norske delegasjonen som no deltar på aviskonferansen i Wien. Han gler seg over prisdrysset:

– Her i Wien deltar folk frå 35 forskjellige land og det er flott at vi i dei norske lokalavisene kan hevda oss så godt som vi gjer. Blant anna blir vi lagt merke til av tyske studentar som vil på studietur til Norge for å sjå korleis vi arbeider, seier Tomas Bruvik. Med seg på turen har han selskap av Mona Grønningen og Vidar Håland frå eiga avis, Ståle Melhus i Fanaposten og Embrik Luksengard og Jarle Stanes i Hallingdølen.

Morgenbladet fekk prisen for Årets avis, i kategorien for vekeaviser.

Vinnarbidraga blei offentleggjort alt i november. Då presenterte LLA avissidene i idébanken vår.

 

Illustrasjonane og omtalen av Hallingdølen- og Kvinnheringens avissider er henta frå European Newspaper Awards egne nettsider.

Dersom du vil lese meir om korleis Hallingdølen arbeider med bilete og presentasjon, kan du ta turen innom Journalisten.no og deira reportasje frå Ål siste veke.